Slaget ved Gemauerthof | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den store nordiske krigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Det svenske imperiet | Det russiske tsardømet | ||||||
Kommandantar | |||||||
Adam Ludwig Lewenhaupt | Boris Sjeremetev | ||||||
Styrkar | |||||||
om lag 7 000[1] | om lag 12 000[1] | ||||||
Tap | |||||||
800 drepne, 1000 skadde | 2 000–6 000 drepne og skadde[1] |
Slaget ved Gemauerthof vart eit slag i den store nordiske krigen. Svenske styrkar under Adam Ludwig Lewenhaupt kjempa mot ein russisk arme under Boris Sjeremetev. Svenskane var utmatta etter ei tvungen marsjering, slo leir og åt kvelds då meldinga kom om at russarane var like i nærleiken. Svenskane kom raskt i stilling og oppfordra av general Lewenhaupt, gjekk dei til åtak på russarane. Sjølv om høgreflanken leid store tap, heldt åtaket fram. På venstreflanken gjekk det svenske kavaleriet til åtak og braut russarane. Infanteriet i midten skaut forsiktig rett fram og angreip, og pressa fienden tilbake i uorden. Slaget enda i ein forvirrande mann-mot-mann-kamp, der svenskane til slutt stakk av med sigeren. Det russiske kavaleriet trekte seg attende, medan infanteriet vart knust. Svenskane gjekk av med sigeren, men sigeren var berre symbolsk. I august erobra russarane Kurland.[2]
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search